HJØRNESTEINEN
Kjøttsamvirket på Sør-Vestlandet 1917 - 2008






Føregangsmennene bak etableringa av landbruks­samvirket i Norge var eldsjeler med ei uvanleg kraft. Mange sette gardane sine i pant for å koma i gang og få drifta til å gå rundt i den organisasjonen dei brann for. Styresmaktene bakka den gongen opp, gjennom lovverk og økonomi.

Dette, og svært mykje til, blir godt dokumentert i historia om kjøtsamvirket på Sør-Vestlandet som Helge Haugen nå presenterer.
Haugen har hatt oppgåva å systematisera og ta vare på all dokumentasjon på slakterisamvirket si historie i denne delen av landet, og klargjera dette materialet for overføring til Statsarkivet. Det gjeld brev, styreprotokollar og andre protokollar, og all anna dokumentasjon av historisk interesse.
Som eit tilleggsprodukt har han så skrive historia. Han har der lagt mykje vekt på å få med det som er i ferd med å gå i gløymeboka, mellom anna eldsjelene sin enorme innsats, og kvifor det var så nødvendig å få eit fungerande samvirke.


90 års historie

Det er eit omfattande verk på vel 600 sider. Vi vil tru at det for den enkelte lesar er mest aktuelt å lesa det han og ho er mest interessert i først, og så ta resten over tid.
Historia går frå den spede starten i Agder Samslakteri i 1917 og i Rogaland Fellessalg i 1921, til fusjon mellom desse to til Agro Fellesslakteri i 1979, som dotterselskap til konsernet Gilde Norsk Kjøtt i 2000, dotterselskap saman med Vestlandske Salslag i Gilde Vest i 2001 og til konsernet Nortura i 2006.
Vi får med oss historia både for sjølve organisasjonen, altså det som gjeld eigarane, for alle bygg og anlegg, og om drifta. Det er ikkje alle som i dag veit at det var organisert slakting i Etne/Ølen, Hjelmeland, i Sauda, på Nedstrand, eller i kjellaren på handelslaget i Valle.


Samarbeid og strid

Historia til kjøtsamvirket er først og fremst ei historie om samarbeid. Men framgang kjem ikkje bare gjennom samarbeid, det må også strid til.
I boka kan du lesa om striden på Sørlandet. Etableringa av det private slakteriet i Arendal, som blei kalla ”samslakteri”, og som gjennom rettssak og med NKF sterkt inne i kulissane, i 1971 blei ein del av Agder Samslakteri.

Vi får også grundig oppfrisking av striden lenger nord, mellom Rogaland Fellessalg og Vestlandske Salslag, som enda med vedtak om Vest-Ro i 1972 og nytt slakteri i Sandeid.
Ei form for kontinuerleg strid finn vi mellom vårt lokale kjøtsamvirke og dei sentrale organa i same samvirket i Oslo – anten det var NKF eller seinare Gilde Norsk Kjøtt. Striden gjekk på fleire område, men dreidde seg i alle fall om spørsmål rundt rein marknadsorientering i høve til det å ta i vare heilskapen.
Du finn mange artige historier og mykje fakta i boka. Forfattaren gjer seg også sine tankar og vurderingar i fri dressur. Boka er solid illustrert med bilete, og den eminente teiknaren Henry Imsland er representert med ei rekke gode teikningar.
Boka vil vera interessant lesing for alle som har hatt, og har, ei eller anna tilknyting til kjøtsamvirket, men også for dei som er interesserte i generell samfunnsutvikling, og i utviklinga i norsk landbruk dei siste hundre åra.

Helge Haugen: Hjørnesteinen
Eige forlag: helge.haugen@lyse.net,
tlf. 906 32 322
608 sider, rikt illustrert
ISBN 978-82-303-1172-1
Pris kr 200, innb.

 

Hentet fra BONDEVENNEN.